Analysering av BT sin nettstad.
Eg har i denne oppgåva valt å analysere nettstaden til Bergens Tidene. I teksten har eg brukt Steve Krug sine meiningar frå boka ”Don`t Make Me Think”, slik at ein på best mogleg måte får ein oversiktleg nettstad. Eg skal gå nærare inn på korleis nettstaden påverkar folk, kva som er positiv og kva som er negativt med sida.
Det Steve Krug har lagt i tittelen på boka si ”Don`t Make Think”, er at ei god nettstad er ein nettstad der ein ikkje treng å bruke stor del av hjernekapasiteten til å finne fram på sida. Den skal altså vere lett brukarvenleg.
I boka” Don`t Make Think” fortel Steve Krug at folk flest ikkje les sida frå topp til botn, men tar eit kjapt overblikk og ser seg ut dei orda og bileta som interesserer dei. Ein kan ganske fort sjå korleis ei side er satt opp, og dette kan variere mykje frå nettstad til nettstad.
Bergens Tidene (BT) på nett.
Bergens Tidene er ei regional avis retta mot bergensarar og vestlendingar. Avisa tar for seg nyhende både frå lokale og på landsomdekkande område.
Når eg skal sjå på Bergens avisa BT sin nettstad, er fyrsteinntrykket mitt at denne sida ikkje er særlig godt strukturert. For det første er det vanskeleg å sjå at denne internettsida tilhøyrer BT.
BT sin logo skil seg nemleg ikkje ut blant reklamen som er plassert rundt den. Når ein så først ser BT logoen så er det ikkje klart kva BT står for. Det fins ingen tagline, det vil sei nokon få setningar om kva denne sida er. Dette vil for ein som aldri ha hørt om BT ikkje framstå som ein nettavis utan vidare utforsking. Viss det til dømes hadde stått BT.no – ”avisa for nyheitshungrige vestlendingar”, ville dette gje ein fin presentasjon av nettstaden. Ein god introduksjon til sida er viktig.
BT- logoen er i tillegg fylt med reklame for forskjellige ”avdelingar” på sida, noko som gjer logoen rotete. Det framtredande på sida er reklame for Finn.no sin annonse og den oransje ”kontakt oss” logoen til BT. Desse annonsane står fram som meny på sida, noko som den slett ikkje er.
BT sin logo kjem til nytte ved å vere ein tilbake til hovudsida knapp. Den finn ein på hovudsida som eit stort banner, men på undersidene som ein liten firkanta knapp over menyen på venstre side.
Frustrerande meny
Det er lagt ein statisk meny på venstre sida. Denne inneheld nokon hovudtema som er innramma i farga boksar, med fleire undertema. Eit døme er, tema Nyhende, med undertema Bergen, Hordaland, osv. Under nyhende kjem Sport, og her kjem det igjen under kategoriar som, Fotball, Handball. Det er fleire slike tema under desse igjen.
Desse to Nyhende og Sport ser veldig like ut, men forskjellen er at knappen der det står nyhende på er ikkje ein hurtiglink, men det er knappen til sport. Den einaste forskjellen på desse er ei lita pil i boksen som rammar inn sports linken. Dette kan virke litt frustrerande, og det er nesten litt vanskelig å skjøne at ein kan faktisk trykke på Sport linken, og ikkje berre underlinkane, slik som det er under Nyhende boksen.
Det ligg også ein meny på høgre sida, som blir oppdatert kvar gong ein laster opp ei ny side. Denne inneheld dei siste nyhendene og søkelink for BT sine side og Sesam. Om ein søker i BT sin eigen søkemotor får ein opp dei siste sakene om det ein søker om.
Mykje støy.
BT sin nettstad har lagt seg på fargevalet kvitt, svart og blått. Det store problemet med sida er all reklamen som opptar mykje av plassen I skrivande stund finn ein over 26 større eller mindre annonsar som tar over heile førstesida. Magne av desse annonsane har tatt i bruk flash og har sterkare fargeval enn dei opphavlege fargane på nettstaden. Dette tar derfor blikkfanget frå BT sine artiklar. Det einaste positive med desse annonsane er at dei opnar seg i eigne vindaugar og tar ein ikkje vekk frå BT sine sider. Overdriven bruk av store annonsar gjer også at det tar litt tid for å laste opp sida.
Brukarvenleg?
Når ein vel ei side ein vil gå inn på, som til dømes Handball, vil alle sportslenkene legge seg lengst oppe på sida. Desse vil bli markert med lilla. På denne måten veit ein kva slags andre lenker ein kan finne under Sport. Ein vil heile tida kunne sjå menyane på begge sider av teksten. Under teksten finne ein også eit utval av andre saker.
Fotballsidene er derimot ulike frå alle andre sider på BT.no. Her har dei brukt eit heilt anna fargeval og i tillegg lagt til ein meny over tekstane. Denne sida er meir ryddig enn hovudsida til BT. Enklare fargeval, ein meny som er meir strategisk plassert og mindre reklame er med på å skape ei meir oversiktlig side. Det fins også her tema og undertema. Dette gjer at ein enkelt kan finne fram til det ein er på jakt etter. Samstundes ligg ein tilsvarande siste saker meny på venstre side, slik som det gjer på dei andre BT sidene.
Innhald.
BT har valt å legge bilde og nokolunde godt synlege overskrifter til alle artiklane. Dette er eit verkemiddel for å fange lesarane. For som Steve Krug nemnte i boka si, så skummar( browse) ein ganske fort over sida og det er ofte små ord eller bilde som er som får vår merksemd.
Nettstaden til BT er langt i frå optimal. BT.no har svært mykje informasjon liggande ute, og sida blir ofte oppdatert. Det er synd at sida druknar i annonsar og reklame for andre bedrifter. Menyen som er lagt på venstre sida inneheld mange kategoriar slik at det skal vere enkelt å finne det ein er ute etter, men sida er likevel ikkje av dei mest brukarvenlege. Det hadde kanskje vert eit mulig forbetring å legge opp heile nettstaden slik som fotball sidene ser ut.
Kjelder:
Krug, Steve (2006): Don’t Don’t Make Me Think, New Riders: Berkley, California
Nettsted:
BT.no (2007): [online] Tilgjengelig frå http://www.bt.no/ [lest 26.04.07]

