Mevi 171 # 1 : YouTube
YouTube
Eg skal i denne fyrste Mevi 171 oppgåva ta for meg fenomenet YouTube.com. Eg skal også formidle nokon av Cass Sunnstein sine tankar frå boka hans ”Infotopia , How many minds produse knowledge”(2006).
YouTube er eit ganske nytt, men likevel allereie eit av verdas mest besøkte nettstader. Her har du mogligheita til å laste opp, vise og dele videoklipp med resten av verda. Nettstaden var grunnlagd 14. februar 2005 av 3 ungdommar Chad Hurley, Steve Chen, og Jawed Karim. Dei har no utvida seg til ei større bedrift med 67 arbeidarar (2006), som har sitt hovudsete i San Marie i California, USA. Det var først i desember 2005 når dei fekk støtte frå Sequoia Capital at bedrifta vart offisielt lansert. I eit forsøk på å sleppe den strenge opphavsrett lova presenterte YouTube bedrifta si for andre store bedrifter. Dette enda med at dei vart i desember 2006 oppkjøpt av Google for 11 milliardar kroner. Bedrifta er i dag likevel ei sjølvstendig bedrift med sine 67 medarbeidarar.
Det blir kvar dag vist nesten 100 millionar videoklipp på sida og ca 65 000 nye bli opplasta. Dei kan i dag slå i bordet med over 60 prosent av alle videoar som blir vist på nette, og har rundt 20 millionar brukarar kvar månad, og nettstaden er i dag ein av dei raskast voksande.
YouTube sin nettstad er bygd opp på Adobe Flash og er oversiktleg og enkel å forstå. Her kan ein lett navigere seg rundt for å finne den videoen som ein ynskjer. Har ein spesielle ynskjer kan ein bruke søkemotor som er lagt til øvre høgre hjørne. Eit slik ynskje kan f.eks vere. ”Liverpool – Bolton 2007”. Ein vil då få opp klipp frå denne fotballkampen.
Det er også lagt til ”mest sett” , ”best rangert” og mange andre kategoriar slik at det ska vere enkelt finne fram. Ein kan i tillegg rangere filmane som ein får ser, som er ein rangering frå 0- 5 stjerner. Det er også mogleg å legge til kommentarar til filmklippa. Sjølvsagt både negative og positive. Dette er kun mogleg dersom ein har meldt seg inn i YouTube. Noko som kan vere ein fordel. Her kan du lagre videoar som favitorittar, legge til dine egne filmar og vise dei til venner.
Som dei fleste andre bedrifter har YouTube sine startsproblem. Som med alle andre tekst objekt har filmane på YouTube copyright. Dette har blitt eit problem som er blitt vanskelig å halde seg til. YouTube har allereie måtte tåle søksmål frå fleire hold som påstår at det ligg heile filmar eller liknande gratis på nette for brukarar å sjå. Dette er blitt tatt tak i og det er no kun mogleg for folk å legge ut videoar på 10.58 minutt. Det går heller ikkje ann å laste ned videoane, kun å kopere url og legge dei på andre nettstader. Dette er for å unngå fildeling.
YouTube er ein ny måte blogging kor ein kan legge ut eige materiale. Som Cass R Sunnstein snakkar om i boka si ”Infotopia , How many minds produse knowledge”(2006), så er dette ein fin måte folk kan vise noko som dei har som andre kan dra nytte av. Det er dessverre også mykje som aldri burde vert lagt ut på slike sider, men staben i YouTube prøver å luke ut dei verste tilfella. Sunnstein snakkar også mykje om korleis folk sin kunnskap om forskjellege ting kan komme til nytte for andre, og at fellesskapen har ofte eit nærmare rett syn på ei sak, enn kvar enkelt person vil ha. Dette har da YouTube dratt nytte av og sett den høgst rata filmane først på lista. Det er kanskje ikkje så mykje nyttig kunneskap ein kan finne på YouTube, men ein kan likevel finne ein film om det meste der.
Det var mange som trudde at YouTube var eit lite blaff i vinden, dette har vist seg å ikkje vere sant. YouTube er i dag ein av dei nettstadane som har størst auke i brukarar, og dette ser ut til å forsette.
For å finne kordan det er å legge ut ein video på YouTube, prøvde eg meg på dette sjølv. Og det gjekk fint, her er den:
Kjelder: http://no.wikipedia.org/wiki/Youtube
http://en.wikipedia.org/wiki/YouTube
Sunstein, Cass R. (2006) Infotopia – how many minds produce knowledge Oxford University Press

[...] til dette overraskanda valet, var framveksta av brukarbaserte nettsamfunn som til dømes MySpace, YouTube og [...]
Wikipedia « Dette blir kjekkare! sa dette på mars 7, 2007 kl. 12:10 am
Godt skrevet artikkel som har fått med seg det viktigste fra Sunsteins egne tanker om temaet, samtidig som du har ytret dine egne meninger. Flott at du har inkludert en video hentet fra Youtube også!
Hei, Tone!
Ein kjekk artikkel om eit svært fascinerande tema. Youtube har vakse fram til å verta eit utruleg stort nettverk, og det er skikkeleg informativt og interessant å lesa det du har skrive. Eg seier meg einig i det Tanja nemner om at du har lagt ut ein eigen film, det illustrerer eit kreativt aspekt ved artikkelen din. Bra jobba.
[...] Tone om YouTube: http://toneaardal.wordpress.com/2007/02/27/mevi-171-1-youtube/ [...]
Litt linker til andre blogger « Nye medier freaken sa dette på mars 9, 2007 kl. 11:47 am
[...] til dette overraskanda valet, var framveksta av brukarbaserte nettsamfunn som til dømes MySpace, YouTube og [...]
Wikipedia (revidert utgåve) « Dette blir kjekkare! sa dette på mai 31, 2007 kl. 9:34 pm