HUIN 105
WORKSHOP #3 – Short Paper #1 – Analysis of a Political Site
Analyse av ei politisk nettside: WWW.SU.NO – Sosialistisk Ungdom

Guro og eg, Tone, har valt å analysera Sosialistisk Ungdom si nettside, www.su.no. Sosialistisk Ungdom er ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Venstreparti, SV. Me har fylgjeleg valt å dela analysen inn i to delar, med eit semiotisk og eit multimoddulart utgongspunkt.
Semiotikk kan etter Umberto Eco, i A theroy of Semiotics (1976), definerast som ”something that tells us things we already know, in a languague we will never understand.” Semiotikk kan altså forklarast som studiet av samfunnsproduksjonen av teikn, og korleis teikna skapar meining. Vidare kan ein dela semiotikk inn i to ulike tilnærmingar, denotasjon og konnotasjon. Denotasjon er den fyrste, primære, direkte og ”eigentlege” tydinga av teikn. Konnotasjon på den andre sida er teikna sine kulturellle tilleggstydingar, med andre ord, indirekte tydingar. Det er desse to sidene av semiotikk me har valt å sjå på i forhold til analysen av SU sine nettsider.
Det som i hovudsak møter ein direkte om ein klikkar seg inn på SU sine nettsider, er den voldsomme bakgrunnsfargen i raude nyansar. Den primære tanken som kan streifast på bakgrunn av denne fargebruken, er at det i det heile er for voldsomt og vidare mindre vellukka. Med eit konnotativt perspektiv kan det tolkast i den retning at bakgrunnsfargen kan sjåast på som ein illustrasjon, nærast som ei sol som strekkjer seg mot ein og omfavnar ein. Samstundes er raudt ein varm farge som i relevante samanhengar kan illustrera kjærleik. Denne tolkinga vert støtta opp av det faktum at SU representerer sosialismen. Ideologien sosialismen var i seg sjølv eit resultat av den industrielle revolusjonen tidleg på 1800-talet, og oppstod som ein reaksjon mot dei sosiale ulikskapane og dårlege vilkåra for den vaksande arbeiderklassen. Etter wikipedia er tydinga av omgrepet sosialisme definert frå latin som ein fylgjesven eller kamerat. Dette kan tyda på at bruken av det raude skal representera eit inkluderande fellesskap, der det skal vera likskap for alle. Om ein samanliknar SU sine nettsider med SV sine, ser ein fort at fargebruken er meir konservativ. Dette kan tala for at SU vil presentera seg på ein meir ungdommeleg og radikal måte, slik at målgruppa for organisasjonen vert ivareteke.
Vidare på hovudsida vert ein møtt av ei raud stjerne oppe i det venstre hjørna. Ein denotativ tanke når ein ser denne stjerna, kan vera at ho ”berre” er ei stjerne som skal skapa variasjonar på nettsida. På den andre sida kan ein konnotativ innfallsvinkel illustrera noko anna. Den raude stjerna er nemleg sjølve symbolet for sosialismen, og ho vart brukt i mange flagg og statsvåpen i kommunistregimer. I ein rekkje land i Aust og Sentral-Europa, til dømes Ugarn, er det i dag straffbart å offentleg bruka eller visa dette symbolet. Fylgjeleg kan stjerna få ei større tyding satt i samanheng med kva SU sin politikk står for, og at det samstundes ikkje er tilfeldig kva som vert illustrert på nettsida.
Når ein talar om direkte eller indirekte tydingar, er det naturleg å koma inn på om nettstaden nyttar metaforar. Metaforar er ord eller språklege uttrykk som vert brukt med overført eller biletleg tyding. Det er heilt tydeleg at raudt er sjølve hovudmetaforen for nettstaden, då det raude i hovudsak representerer sosialismen. Dette går igjen overalt på sida, med bakgrunnsfarge, titlar, den raude stjerna og sjølve logoen til SU som er illustrert nederst til venstre på sidene. Som nemnd ovanfor kan raudt samstundes illustrera kjærleik, noko som tyder på at SU ynskjer eit inkluderande fellesskap. Denne tankegangen går som nemt att i bakgrunnsfargen, som kan illustrera ei sol som stråler ut til deg gjennom dataskjermen.
Innanfor det multimodullare aspektet vil me for det fyrste ta for oss den skrivne teksten på nettstaden til SU. Fylgjeleg vert ein som brukar umiddelbart møtt av sjølve tittelen for nettstaden, ”Sosialistisk Ungdom – En verden å vinne!”. Ein får altså allereie av tittelen eit konkret møte med ei partipolitisk side, som illustrerer ei ivrig kampand og stor vilje til å lukkast. Vidare er menyen eit sentralt organ for å få sida til å verta opplysande og brukarvenleg. Han er enkel å forstå og teksten er statisk, noko som gjer det lettare for brukarane å forhalda seg til nettstaden. Det er eit balansert tekst- og størrelsesforhold, og det heilheitsmessige tekstforholdet er oversiktleg og opplysande, og gjer mykje informasjon utifrå ”lite”.
Diskurstypane for nettstaden er for det fyrste forteljande og beskrivande, då hovudsida sine hyperlenkar på menyen vil gje deg ein forteljande og beskrivande diskurs med tanke på SU sine politiske tankegangar og oppfatningar. Vidare er teksten argumenterande, då alle innlegga og nyhenda skal jobba for sjølve organisasjonen og gje ei overbevisande vinkling av sakene. Her er det viktig å påpeika at med nettside som medium, må SU leggja til grunn interaktivitet mellom brukar og nettstad. Fylgjeleg er det avgjerande at informasjonen vert illustrert og formidla på ein opplysande måte, noko SU meistrar. Den syntaktiske oppfatninga av nettstaden tilseier at han er forholdsvis ”normal”. Sidene har logo øverst, ein enkel meny og tekst som tilhøyrer bilete. Vidare vil det semantiske bidraget vera at tekstane inneheld politiske spørsmål, nyhende og informasjon som SU er opptekne av. På det pragmatiske nivået vil teksten og sida si heilheit tilsei at sjangeren er politisk opplysande, og vert formidla på ein enkel måte gjennom avisliknande artiklar. Bidraga innanfor dette gjer naturlegvis stønad for organisasjonen og er vinkla på ein måte som verkar positivt for SU og deira ideologi.
Vidare er det naturleg å koma inn på sjølve designet av nettstaden. Nettstaden er framstilt ved hjelp av HTML og CSS. Bakgrunnsfargen er som nemnd ovanfor ei blanding av ulike nyansar av raudt, med ei raud stjerne som mogelegvis kan tolkast som ein logo. Midt på sjølve hovudsida finn ein ein kvit tekstboks, der det tekstmessige innhaldet på nettstaden vert illustrert. Inne i sjølve boksen er det fleire avdelingar, deriblant ein grå meny med svart skrift på venstre side. Hovudfargane for nettsida er altså raudt, kvitt, grått og svart. Dette skapar eit design som har eit godt balanseforhold, er ungdommeleg og som samstundes er fint å sjå på.
Mykje av plassen på hovudsida er gjeve til artiklar og nyhende. Når ein trykkjer på ein av menylenkane eller dei aktuelle sakene på framsida, opnar den gjeldande lenken seg i den kvite tekstboksen. Dette kan vera eit bevisst val for å få skapa eit heilskapleg bilete av både partiet og nettstaden. Designet på sida er ikkje nemneverdig originalt, men skiljer seg likevel ut frå andre politiske nettstadar.
Det kan vidare takast med at mesteparten av nettstaden til SU er statisk, då det einaste som beveger seg er ein .gif-logo som lenkar ein vidare til ei registreringsside for SU sin sommarleir. Det fins ingen former for video eller lyd på sida, men det eksisterer ein heil del bilete. På hovudsida ved tittelen, finn ein eit svart-kvitt bilete av to ungdommar. Dette biletet er statisk og vert ikkje endra om ein nyttar dei tilgjengelege lenkane på sida. Biletet illustrerer ein ung gut og ei ung jente, noko som talar for at målgruppa til SU er ungdommar av båe kjønn. Ovanfor denne animasjonen finn ein eit statisk bilete som lenkar ein vidare til SU si presseside i eit nytt vindauga. Dette talar for at SU ynskjer å halda presseaspektet ved nettstaden for seg sjølv.
Å navgiera seg rundt på sida er uproblematisk. Sjølve menyen med hyperlinkar fungerer optimalt på den måten at han er oversiktleg, gjer umiddelbar tilgang, er ryddig og relevant for brukarane, nye som gamle. Det er sjølve menyen på nettstaden som er hovudnavigasjonsfaktoren og som gjer nettstaden brukarvenleg.
Det at SU sine sider er såpass brukarvenlege, leier oss inn på dei ulike aspekta ved sjølve nettstaden. SU sin nettstad kan fungera som eit opplysningsorgan for gutar og jenter som allereie er medlemmer i organisasjonen. Dette gjer seg spesielt utslag i at det vert lagt ut nyhende og opplysningar om ”kva som skjer.” Men samstundes er nettstaden særs opplysande og imøtekomande for folk som kun er inne på sidene for å utforska, eller for andre som ynskjer å verta medlem. Vidare er det som nemnd ei eige presseside på nettstaden. Her ligg det kontaktinformasjon, pressemeldingar, bilete og ulike reportasjar og liknande der SU har vorte omhandla i media.
Etter wikipedia vert SU definert som ein ”revolusjonær sosialistisk og feministisk organisasjon som kjempar for eit sosialistisk folkestyre.” Det er heilt klårt at nettstaden illustrerer denne tankegangen og vidare ein ideologi. Det mest avgjerande for ein slik konklusjon vil vera bruken av det raude, og spesielt den raude stjerna. Ei heilheitsvurdering av nettstaden og aspekta ved sjølve nettsidene, tilseier at SU på ein god måte har klårt å framstilla eit ideologisk bodskap gjennom farge, tekst og bilete. Samstundes illustrerer nettstaden at dei retter seg mot unge gjennom bruken av fargar og nyhende som til dømes ”Party People.” Ordet ”party” får her ei dobbeltyding som eit ”parti” eller ein ”fest.” Dette ordspelet avspeglar igjen blant anna at nettstaden vil halda ein ungdommeleg profil, men samstundes få fram eit seriøst, politisk bodskap.



![]()
Eg skal no ta for meg intriørvalga som Fride har gjort i si stove. Du finner hennar forteljande diskurs blogg her:
Det Fride har her med multimodal framsyning prøvd å fortelle oss om korleis ho har innredia stova si. Det denotative med stove til Fride er med mine auge slik. Ho har valgt å bruke få fargar når ho skulle inrede stova. Ho seier at ho har brukt eit teppe og eit bilde som ho har brakt med seg heimaifrå som utgangspunkt. Dette er eit bra utgangspunkt om ein vil ha ein balansert og stilreint rom. Dei fargane som går igjen i rommet er grått, brunt, kvitt. Kvite vegger eit eit utmerka vargevalg, sidan det passer til det alle meste. Kvite vegger kan likevel skape ein kjølig stemming i eit rom om ein ikkje kombinerer dei med dei rette fargane. Dette syns eg Fride har unngått. Ho har friska opp det kvite med brunt interiør og med røde sofaputer, noke som varmer opp rommet. Det ser ut som ho har tenkt litt symetrisk når ho har hengt opp IKEA bilde bak sofaen, dette kan ein også sjå med bilde som henger over kjøkkenbordet.
For å forstå korleis Fride har tenkt på stova som eit funksjonalt rom må vi sjå på dei konnotative betydninga. Sofaen blir her brukt som kose og avslappningasplass, med TV og leselampe som hjelpemiddel for å oppnå ein koslig aften. Kjøkkenbordet som har fått enkle pyntegjenstander, for å friske opp, plassert straetegisk inntil veggen, blir brukt til både måltider og som ein eventuell studeringsplass. Hyller og skap har både fått ein funksjonell og dekorativ betydning i stove. Som både lagringsplass og pynt.
My bedroom
Her er noke for dei som lika engelsk og norsk. Eg har tatt med 2 soverom, sidan den føste eg skreiv vart ganske dårlege bilder til. Derfor skreiv eg likegodt ein ny.
Min stil er ganske enkel. Mørk og minimalistisk, eller lys og minimalistisk. Liker for å holde meg til enkle farger, gjerne ikkje noke fleir enn 3, 4 farger i kvart rom. Eg skal i denne norske delen ta for meg soverommet som eg har innreda i leiligheta mi. Fargevalget er desverre ikkje midt og ville ganske kjappt blitt forandre om eg fekk velje. Til enten mørke blått eller kvitt.
Eg har som sagt ein ting for mørke fargar. Svart har derfor alltid vert ein viktig farge på mine rom. Svarte gardiner og sengkle var noko som var svært vanskelig å få tak i før men har no inntatt alle heimar. Den denotative delen av rommet kan beskrivast slik. For å utnytte mest moglig plass på soverommet har eg valgt å sette senga mi i eit hjørne, med eit passandes svart nattbord ved siden av. Eit mørkebrunt spegel og kiste er plassert strategisk for å dekke over ei andre dør som kjem inn i rommet. Det er også plassert eit skrivebord og skap på den som blir brukt som lagringsplass. Funksjonen til skrivebordet er opplagt lagt til studier, men har desverre ikkje blitt brukt. Bilda på veggen er strategisk plassert sammen to og to eller i grupper.
Den konnotative grunnen for at rommet er blitt innreda slik som det er blitt er enkel. Rommet skal gi både ein koslig stemmining med minner frå Rio gjennom måleria og gode minner frå forskjellige opplevalsar gjennom dei 8 bilda som heng på veggen i ei gruppe. Rommet skal også gi med ro til å studere ( har endå ikkje intruffe) og ro til å sove ( har innfridd litt for masse).

I am going to tell you about my bedroom that I had before I moved to Bergen. This is because I have designed it myself. I have a thing about dark collars and a minimalistic style, and that why the walls have dark blue wallpaper, and all the shelves and the curtains are black. There are just 3 major objects, the bed, a cheer and a TV bench. For decoration there is:
The longest wall has two long shelves just half a meter from the roof, from one end to the other. On the other wall there is two smaller shelves one above the other. The lowest one is a bit longer then the one above.
There are just 5 pictures on the wall and they are placed in order to each other.
I like too have it minimalistic and with few collars. But one thing has to on the wall even if it doesn`t match the other stuff, a big Liverpool FC banner.
I think the room is a very typical teenage bedroom. Except that there is a little lack of practical functions. There is not enough space to have a desk for school work or a couch to have friends over. The main functions were a room for sleeping, hanging out and watch TV for me.

Legg att eit svar